For å stimulera bedrifter til å ta inn fleire lærlingar i 2010, har staten løyvt ekstraordinære midlar. Bransjar eller bedrifter som har konjunkturproblem, eller bransjar der det er vanskeleg å få læreplass, kan få større stimuleringstilskot enn andre.

Desse midlane kjem i tillegg til dei ordinære lærlingtilskota
Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane har vedteke slik bruk av dei ekstraordinære midlane:
• Det blir sett av kr 3 mill til fordeling til opplæringskontor og frittståande bedrifter etter tal lærekontraktar inngått i 2010
• Frittståande bedrifter eller bedrifter som er medlem i opplæringskontor som ikkje har hatt lærlingar dei to siste åra, og nye bedrifter som tek inn lærlingar for første gong, får ekstra tilskot på inntil kr 30000,- pr kontrakt teikna i 2010
• Det vert gitt tilskot på inntil kr 50000,- til bedrifter som tek inn lærlingar som er vanskelege å formidla pga stort fråvær, svake karakterar eller feil fordjuping
• Det blir gitt kr 15000,- i ekstra tilskot for inngåtte skriftlege avtalar om lærekontrakt før 1. juli 2010. Dette tilskotet gjeld berre for lærekontrakter med ungdomsrett og der lærlingen har søkt formidling i 2010.
Her kan du lese heile vedtaket i Fagopplæringsnemnda.
Meir opplysningar om ordninga får du hjå
Nordfjord: Nils Taklo 57 88 53 49/909 18 698
Sunnfjord: Arve Hjelle 57 82 83 42/917 67 233
Sogn: Nils Friis Fardal 57 68 23 15/415 30 939