Årdal
 bygda der alt er mogleg


vi har
- eit allsidig næringsliv
- høgt utvikla fagmiljø
- forskningssenter for elektrolyse og karbon
- den beste IKT kompetansen i fylket
- utbygd breibandnett
- godt utbygd barnehage og skuletilbod
 
Årdal som bu og arbeidsplass:
 

Heimatt.no portalen for utflytte Årdøler
Ledige stillingar, næringsnytt og mykje
meir.


-
Auka sysselsetting i Årdal

Sysselsetjinga held fram å auke i Årdal. Ein auke på 19. Innpendlinga aukar også, ein auke på 25. Årdal vert difor stadig viktigare som arbeidsplass for sogningar Knappe 400 reiser til Årdal på arbeid kvar dag. Lærdal og Årdal vert knytt endå tettare saman, då stendig fleire Lærdøler reiser til Årdal på jobb. I tillegg har mange av Lærdalsbedriftene sitt viktigaste marknad i Årdal. Alle som arbeider i desse bedriftene kjem i tillegg til pendlarane.

Den store utfordringa for Årdal no, er å gjere Årdal attraktiv som bustadkommune. Vi har eit stort overskot på interessante arbeidsplassar, men ingen søkjarar som samstundes vil bu i Årdal. I beste fall får vi rekruttert folk som vil pendle til kommunen. Korleis Årdal skal betre attraktiviteten sin, bør vere eitt av dei viktigaste fokusområda i åra som kjem.

 

Årdal arbeider med mange nye interessante prosjekt, men utan tilgang på folk med kompetanse som samstundes finn det attraktivt å busetje seg i kommunen, vert det vanskeleg å realisere desse. Attraktiviteten knyter seg til mange område som tilgang på bustader, gode barnehagetilbod, gode kommunikasjonar både i Årdal og til/frå Årdal, næringslivet og kommunen må  framstå som gode arbeidsgjevarar som tek vare på og utviklar dei tilsette og såleis framstår som attraktive arbeidsgjevarar, og sist men ikkje minst må handel og servicenæringane utvikle seg sterkt i åra som kjem. Det bør vere eit minstemål at 100 av dei som i dag vel å pendle inn til kommunen, flytter til Årdal.

  2008 2009
Folketal 5600 5634
Sysselsette med arbeidsstad i Årdal 3004 3023
Sysselsette med bustad i Årdal 2928 2926
Innpendling 369 394
Utpendling 293 297

 

Design: Agnitio AS
Tlf: 57 66 11 77 Fax: 57 66 16 53 Postboks 126, 6881 Årdalstangen, E-post: post@ardal-utvikling.no