Årdal Teknologipark reiser seg

Årdal tekpark bilde4.png

Årdal Teknologipark reiser seg

I Årdal er det store teknologimiljøet i ferd med å samla seg under eitt tak - og med det er grunnmuren lagt for at industribygda Årdal kan setja seg i førarsetet og omsetja det grøne skiftet til handling.

Årdal Teknologipark er resultatet av eit mangeårig arbeid med ein heilt nødvendig kompetansestrategi for å sikra framtida til industri- og næringslivet i Årdal. Og nettopp kompetanse er ein nøkkel for å lukkast med å sikra framtidsretta arbeidsplassar og motvirka fråflytting og nedbygging av eit heilt lokalsamfunn. Med Årdal Teknologipark som arena for innovasjon, fagmiljø, samarbeid, rekruttering, knoppskyting, samfunnsbygging og det grøne skiftet, tek Årdal eit ambisiøst steg vidare med blikket festa på framtida.

- Årdal Teknologipark ber i seg alt det Årdal står for, både historisk sett og framover, som premissleverandør i det grøne skiftet, seier Terje Laberg frå Årdal Utvikling. 

Kompetansestrategi mot utfordringar

Årdal Teknologipark skal vera kontorstad for Årdal Utvikling, Sogn Opplæringskontor, BDO og Sitep, i tillegg til knoppskytingsverksemder og Årdal visningssenter. Bak f.v: Svein Eirik Nes, Trine Grøttebø, Kjell Tokvam, Harald Husabø. Framme f.v: Mia Nordli Hansen, Anne Kauppi, Terje Laberg og Frank Øvstetun.

Årdal Teknologipark skal vera kontorstad for Årdal Utvikling, Sogn Opplæringskontor, BDO og Sitep, i tillegg til knoppskytingsverksemder og Årdal visningssenter. Bak f.v: Svein Eirik Nes, Trine Grøttebø, Kjell Tokvam, Harald Husabø. Framme f.v: Mia Nordli Hansen, Anne Kauppi, Terje Laberg og Frank Øvstetun.

Årdal Utvikling starta arbeidet med Årdal Teknologipark alt i 2016 som ein del av arbeidet med ny næringsplan. Næringslivet i Årdal var tydelege i meldinga si: ei stor utfordring for framtida er tilgangen på god nok kompetanse. Årdal Utvikling svarde på denne meldinga med å laga ein kompetansestrategi, og når Årdal Teknologipark no ser dagens lys, så er det som ein del 2 av denne kompetansestrategien.

- Årdal står framfor nokre skikkelege utfordringar. For det første så må me klara å skapa dei riktige arbeidsplassane, som igjen vil gi oss eit næringsliv med større variasjon. Årdal har tilgang på teknologi og høg kompetanse, og må klara å utnytta dette til nyskaping og innovasjon som er framtidsretta. Me må ha to tankar i hovudet på same tid skal Årdal lukkast. Me må tenkja både på samfunnsbygging og på næringsutvikling. For at næringslivet skal ha ei framtid i Årdal, så må Årdal vera eit velfungerande lokalsamfunn også, forklarar Laberg.

Årdal Utvikling meiner bestemt at alt ligg til rette for å lukkast i Årdal.

Terje Laberg

- Me har vatnet og krafta og me har kompetansen, og med Årdal Teknologipark får me også den heilt nødvendige felleskapen og samarbeidet som skal til. Heilt konkret skal me gjennom aktørane som er involvert i Årdal Teknologipark, laga utdanningstilbod for dei som er ferdige med vidaregåande opplæring. Industrifagskulen er alt i gang med ein forsøksklasse, og frå hausten vil me vera i gang med fagskule. Ansvaret for dette vert plassert hjå Sogn Opplæringskontor. Målet for framtida er å kunna tilby både 1. og 2. året i ein bachelorgrad for ingeniørar, og teknologiparken vil her syta for eit miljø som vil vrimla av teknologar og doktorandar som kan bidra i undervisninga, seier Laberg.

Målet er å henta inn tida som går frå ny teknologiutvikling finn stad ute i verda og til den når våre utdanningssystem. Dette går ikkje fort nok per i dag, og det skal Årdal Teknologipark vera arena for å finna ei løysing på.

DSC00538.JPG

- Næringslivet i Årdal vil få direkte tilgang på kompetansen dei treng før alle andre, seier Terje Laberg.

Bildet: F.v: Anne Kauppi (Sogn Opplæringskontor), Trine Grøttebø (Årdal Utvikling) og Mia Nordli Hansen (lærling Årdal Utvikling)

Årdal Teknologipark som arena for framtidsretting

Årdal Teknologipark er altså ein arena for fellesskap og samarbeid på eine sida, men også fysiske bygningar lokalisert rett utanfor Hydro Aluminium i Øvre Årdal. I desse dagar reiser det seg ein testfabrikk med kopling til forskingssenteret på Hydro med både laboratorium og kring 100 tilsette. I tillegg går det føre seg ei ombygging av dei såkalla Hydrohusa, som no skal romma både kontor, kantine, møterom, auditorium og eit visningssenter som skal fungera i samanheng med den gamle kraftstasjonen som ligg nedanfor Moa. Og både fagmiljø og næringsliv, samt det offentlege, bidreg for å finansiera prosjektet.

- På eine sida har me Hydro som ønskjer å opna opp teknologimiljøet sitt og gjera det til ein del av miljøet kring Årdal Teknologipark, og på andre sida kjem verkemiddelapparata i Årdal Utvikling, Årdal kommune, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge inn i biletet med både stønad- og låneordningar. Resultatet blir at me kjem til å sitja att med ei samlokalisering av det største teknologimiljøet i landet, på kring 135 tilsette, seier Laberg.

Wenche E1.png

Fabrikksjef Wenche Eldegard ved Hydro Aluminium Årdal ser Årdal Teknologipark som ei viktig brikke i arbeidet med å kunna levera på Hydro sine eigne strategiar også i framtida.

- For oss handlar dette i hovudsak om å bidra til å bygga opp ein arena der me kan rekruttera den kompetansen me vil trenga i framtida. I tillegg gir dette oss moglegheit til å halda dei tilsette oppdaterte og me får moglegheita til å testa ny teknologi i testfabrikken som kjem, seier ho.

Hydro i Årdal har vore ein viktig bidragsytar i bedriftsnettverket som har arbeidd med konseptet kring Årdal Teknologipark heilt frå dei første skissene låg på bordet for nokre år sidan.

- Me er gode på teknologi i Årdal, og det må me gjera meir ut av. Me har no moglegheita til å setja saman kompetanse på tvers av bedriftsnettverket, og då vil me skapa meir også, seier Eldegard.

Og eit slikt miljø vil i seg sjølv vera nok til å skapa ei eiga tiltrekkingskraft med omsyn til rekruttering av spennande kompetanse.

Årdal Teknologipark vil også vera kontorplass for både Sogn Opplæringskontor, Årdal Utvikling, BDO, Årdal visningssenter og Sitep, i tillegg til diverse knoppskytingsverksemder som Fjordalg og Bluetec Vest.

DSC00381.JPG

Frå fornybar kraft til mat for framtida

Og i kjernen av det som gjer Årdal Teknologipark så spennande, finn me verksemda Sitep med leiar Frank Øvstetun (bildet over). Han har ambisjonar om å snu om på biletet mange har av Årdal som ein stad med einsidig næringsliv og ein solnedgangsindustri som fører med seg forureining. Og nøkkelen ligg i å utnytta den enorme ressursen som utsleppa og avfallsstraumane frå industrien er, og gjera det grønt.  

- Enkelt sagt vil me utnytta kompetansen innan industrien i Årdal ved å setta den inn i nye samanhengar. Det er dette som er framtida, seier Øvstetun, som ønskjer å gjera noko med den tradisjonelle tankegangen der ein ser industrien som ein trussel for det grøne skiftet. 

- Faktum er at industrisamfunna i Norge er berebjelkane for det grøne skiftet. Ved å bruka teknologi på riktig måte, kan me ta avfallsstoffa frå industrien og bruka dei på ein god måte – og i Årdal ligg alt til rette for dette (sjå illustrasjon).

Ved bruk av vasskraft kan ein produsera grøn hydrogen. Ved å nytta spillvarme frå industrien kan ein fanga karbondioksid (Co2), og set ein desse tinga saman kan ein produsera berekraftig mat for framtida.

Skisse: Tor-Erik Holt Paulsen/Sitep

- Og, seier Øvstetun, grøne, berekraftige arbeidsplassar trekk til seg kvalitetsmedvitne folk. Og kvinner med høg utdanning.

Øvstetun snakkar engasjert om det grøne skiftet som han har stor tru på for framtida.

- Me blir stadig fleire menneske her på jorda, og presset på eksisterande areal til matproduksjon er stort. Her i Årdal kan me ved hjelp av teknologi og eit samspel med industrien driva grøn matproduksjon basert på fornybar vasskraft.

- Det vert peikt på at Årdal er i toppen når det kjem til sårbarheit, men me seier at Årdal er i toppen når det kjem til moglegheiter, fordi me har både kompetanse og avfallsstraumar me kan bruka, og det er poenget med Sitep og Årdal Teknologipark, seier han.

DSC00475.JPG

Årdal Utvikling ser også optimistisk på ei framtid der Årdal Teknologipark vil vera med på å sikra både innovasjon og nytenkjing.

Sitep skal altså forska på avfallsstraumane og gjera verdi av dei i samspel med eit allereie høgt fungerande teknologimiljø knytt til Hydro. Alt kan brukast, med rett teknologi. Og Årdal Teknologipark er arenaen som vil gjera det mogleg for teknologane å finna løysingane saman, som ein smeltedigel av forskarar, teknologar og knoppskytingsverksemder. Og – dette plasserer Årdal på kartet i det grøne skiftet.

Vil du lesa meir om nokre utvalde knoppskytingsverksemder

knytt til Årdal Teknologipark? Klikk på lenkjene under:

Torunn Todal Laberg