Årdal Teknologipark

Årdal teknologipark.jpg

Årdal Teknologipark er eit resultat av Årdal Utvikling sin “innovasjon og kompetansestrategi” vedteken i Strategisk Næringsplan 2017 - 2020. Teknologisenteret skal nyttast av næringslivet og skulane og her skal bedrifter kunne teste, simulere og visualisere teknologiar, komponentar, produkt, løysingar, tenester og prosessar. Her vil vere lett tilgang til ekspertise, utstyr og eigna lokale som vil gjere vegen frå konseptstadiet til marknadsintroduksjon enklare.

Årdal Utvikling har i prosessen med utvikling av «innovasjon og kompetansestrategien» inngått samarbeidsavtale med Sintef Manufacturing og næringsklynga på Raufoss som har fått tildelt programma Norsk Katapult og Norsk omstillingsmotor. Det er eit mål å utvikle dette samarbeidet vidare for å knyte saman næringsklynga i Årdal/regionen opp mot næringsklynga på Raufoss.

Sjå presentasjon av bygget her: Årdal Teknologipark AS 

Gasta Design