Årdal industri_Rigmor Øygarden.jpg

Næringsutvikling

Ønskjer du å utvikle bedrifta di eller har du ein god ide? Hjå oss får du gratis rådgjeving og hjelp til utvikling.

 
 
 
 
image.jpg

Rådgjeving

Dei fleste treng ny kunnskap for å utvikle seg. La Årdal Utvikling hjelpe deg. Vi gir gratis rådgjeving og hjelp til utvikling. Treng du hjelp til å effektivisere og digitalisere, rettleiing til finansiering, hjelp til søknadar eller tilgang til nettverk. Alt dette hjelper vi deg med om du tek kontakt med oss.

 
 
 

Finansiering

Det finnes mange gode finansielle verkemiddel for deg som treng midlar til å realisere idéen din eller utvikle bedrifta di. Vi hjelper deg gjerne med å finne fram til rett verkemiddel for deg, og kan gi bistand i ein eventuell søknadsprosess.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller ynskjer bistand.

image.jpg
 
 
 
Strategisk næringsplan.PNG

Strategisk næringsplan for Årdal Utvikling

Næringsliv og verdiskaping er svært viktige motorar i samfunnsutviklinga. Det er difor viktig at kommunen opptrer samkøyrt og koordinert i arbeidet med å legge til rette for næringslivet. Årdal Utvikling arbeidar ut ifrå ein 4-årig strategisk næringsplan og ein årleg handligsplan. I tillegg har vi utarbeida ein “kompetansestrategi” og ein “overordna strategivurdering for reiselivet” som vi brukar som grunnlag for arbeidet vårt.