Årdal vertskommune for Entreprenørskapsmessa 2026

Eit arrangement av dette omfanget krev grundig planlegging og omfattande førebuingar, og Årdal Utvikling har vore tett involvert både i forkant av og under sjølve messa.

Vinnarar. Bilete: Ungt Entreprenørskap.

Entreprenørskapsmessa 2026 er vel gjennomført og deltakarar og arrangørar er fornøgde med resultatet. Årdal Utvikling har vore med i planlegging og utføring av arrangementet og har mellom anna hatt ansvar for å knyte det lokale næringslivet tettare på gjennom bedriftsbesøk og bedriftsstands, i tillegg til å sikre sponsorar og føredragshaldar til eit opplegg for om lag 500 elevar. Totalt har rundt 20 lokale verksemder i Årdal vore involverte, og alle har vist stor vilje til samarbeid og brei støtte til arrangementet.

Fredrik Jarstadmarken, rådgjevar i Årdal Utvikling, har hatt ein sentral rolle i planleggingsarbeidet frå start og fungerte også som jurydeltakar. Geir Hansen har vore på fleire rundar med bedriftsbesøk og spelt ei viktig rolle i logistikken på sjølve messedagen.

Årdal kommune og skulane har vist seg fram frå si beste side, og særleg imponerande har innsatsen til elevane vore. Dei har gjort ein framifrå jobb med produktutvikling, produksjon, økonomistyring og marknadsføring som gjev eit lovande bilete av framtida i Sogn.

Ein stor takk rettast til sponsorane: SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Hydro Metallverk Årdal, Årdal Energi Holding og Agnitio. Vi vil også rette ei særskild takk til Yvonne Romøren ved Kortlevert for fire inspirerande og engasjerande føredrag til alle elevane denne dagen.



Neste
Neste

Årdal har fått status som omstillingskommune