Årdal har fått status som omstillingskommune
Årdal kommune har fått status som omstillingskommune. Dette gir kommunen betre rammer for å jobbe målretta og langsiktig med utvikling av næringslivet i Årdal.
Arbeidsgruppa som har arbeidd med omstillingssøknaden: Harald Husabø (BDO), Are Indrelid (Årdal Teknologipark), Mette Hestetun Berg (kommunedirektør), Christian Sønstlien (ordførar) og Geir Hansen (Årdal Utvikling). Ikkje til stades: Jan Stian Smedegård (Årdal Energi). Foto: Sofie Moen.
Statusen inneber at Årdal kommune får 5 millionar kroner i året til utviklingsarbeid, i første omgang for 2026 og 2027. Ambisjonen er eit seksårig omstillingsløp, med totalt rundt 30 millionar kroner eller meir investert i næringsutvikling. Det er Årdal kommune som eig omstillingsstatusen og midlane. Årdal Utvikling vil vere ein sentral samarbeidspartnar i gjennomføringa, på oppdrag frå kommunen.
Kvifor omstilling – og kvifor no?
Årdal har over tid hatt ei utvikling med færre industriarbeidsplassar, og konkursen i Norsun forsterka behovet for ei meir samla og langsiktig satsing. Samstundes handlar dette om meir enn enkeltbedrifter: Årdal har ein sterk, men relativt einsidig næringsstruktur, og må bli mindre sårbar over tid. Trass i utfordringar står Årdal sterkt. Kommunen har tung industrikompetanse, sterke teknologi- og fagmiljø, god tilgang på energi og etablerte strategiar og rammeverk. Det er nettopp dette potensialet som gjer at Årdal har fått omstillingsstatus og midlar.
Kva inneber omstillingsprogrammet?
Omstilling er ei ekstraordinær, seksårig satsing på næringsutvikling. Målet er å skape og sikre arbeidsplassar, styrke utviklingsevna og gjere Årdal meir attraktiv for bedrifter og innbyggjarar.
Retninga er tydeleg: Teknologibygda Årdal – eit meir mangfaldig, mindre sårbart og meir attraktivt næringsliv.
Kommunen har sett seg eit konkret mål om å bidra til rundt 200 arbeidsplassar i løpet av perioden. Like viktig er det å bygge varig kompetanse og evne til næringsutvikling, også etter at programmet er over.
Fire hovudområde
Innsatsen i omstillingsarbeidet blir samla rundt fire område som handlar om heile Årdalssamfunnet:
Næringsutvikling – støtte til utviklingsprosjekt, nye idear og vidareutvikling av verksemder
Samhandling – betre samarbeid mellom næringsliv, kommune og andre aktørar
Kompetanse – rekruttering og utvikling av rett kompetanse
Attraktivitet – bustad, tilflytting og satsing på unge vaksne
Kva betyr dette for næringslivet?
For verksemder i Årdal betyr omstillingsprogrammet at de kan bruke dette som eit verktøy:
få støtte til utviklingsprosjekt
teste nye idear
få hjelp til kompetanse og rekruttering
delta på fleire arenaer for samarbeid
Organisering av omstillingsarbeidet
Eigarskap: Årdal kommune
Programleiing: Dagleg leiar i Årdal Utvikling
Omstillingsstyre:
Politisk nivå (posisjon/opposisjon)
Næringsliv
Fagforeining
Unge / samfunn
Observatørar:
Vestland fylkeskommune
Innovasjon Norge
Kommunedirektør
Omstillingsstatusen markerer starten på ein ny fase for Årdal. Framover handlar arbeidet om å organisere satsinga og få moglegheitene ut i næringslivet. Vi håpar difor at de tek kontakt, kjem med idear – og blir med på utviklinga av framtidas Årdal.
Meir informasjon om omstillingsarbeidet kjem fortløpande.