Gründer- og SMB-kveld på Teknologiveka

Har du ein gründer i magen, driv du eiga bedrift eller er du berre nysgjerrig på kva som rører seg i næringslivet i Sogn?
Då er du hjarteleg velkomen til ein inspirerande kveld i Årdal Teknologipark.

Her møter du både det lokale og regionale næringsapparatet i Sogn, bank og andre viktige aktørar som kan hjelpe deg vidare med idéane dine. Du får høyre ekte gründerhistorier, få nyttige tips om synlegheit og marknadsføring – og ikkje minst sjansen til å bygge nettverk gjennom mingling og uformelle samtalar.

Arrangementet er gratis, og vi byr på både fagleg påfyll, mat og gode moglegheiter for å knyte nye kontaktar.

Tid: 17.00–21.00

Stad: Årdal Teknologipark

Kvelden vert arrangert av Årdal Utvikling og Kunnskapsparken Vestland, med bidrag frå Sogn Sparebank.

Les meir her:

Neste
Neste

Vil du vere med og forme framtidas næringsliv i Årdal?